What language?

Skrevet av

MB

Velkomen til Cases

Kategori

Stories

Det er så kjekt å skrive den fyrste teksten på den nye nettstaden min. Litt som å opne ei vinflaske ein har venta lenge på. Tanken er enkel. Eg har jobba med vin i meir enn to tiår, og undervegs har eg stort sett måtta velje nokre få ting å publisere. No kan eg heller fortelje alt til deg.

Cases er ikkje ein nyhendestad, og det er heller ikkje ein blogg. Det er ein stad der eg samlar alt eg gjer — smakingane, reisene, samtalane med produsentane, restaurantane eg elskar og alltid dreg tilbake til. Ein stad der alt eg held på med, ligg samla, og der du kan finne fram til det når du treng det. Eg smakar tusenvis av vinar i året, og her kan du halde deg oppdatert om kva for nokre du bør kjøpe — helst før dei blir utselde.

Så du kjem til å finne smaksnotat på vinar du faktisk får tak i. Og sikkert nokre du ikkje får tak i. Du kjem til å lese om produsentar du ikkje har høyrt om, og kanskje nokre du har. Du kjem til å få mat og vin i kombinasjon — ikkje som reglar, men som forslag frå nokon som har prøvd det. Du kjem til å få restauranttips frå stader eg dreg tilbake til. Og du kjem til å lære litt undervegs, forhåpentlegvis utan at det kjennest som opplæring.

Cases er akkurat lansert, og kjem til å vekse frå veke til veke. Vi har nokre prosjekt på lur som eg gler meg til å dele, men det får liggje litt til. Fyrst vil eg berre seie tusen takk.

Så gøy at dykk er med heilt frå starten.

Merete